Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Takker solabuen for stemmene

Takker solabuen for stemmene

Rita Eriksen er i geldesrus over siger i laurdagens finale av Stjernekamp. FOTO: Julia Naglestad / NRK

Rita Eriksen trur solabuen førte henne til siger i Stjernekamp.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
12.11.2012 kl 13:06

  • Skriv ut
  • Send til en venn

- Dette er heilt vilt, rørande og kjekt.

Eriksen har nesten ikkje ord som kan skildre opplevinga under laurdagens finale av Stjernekamp. Songaren med djupe røter i Sola gjekk av med sigeren.

- Då eg høyrde namnet mitt tenkte eg: No skjer det. Dette som berre har vore ein draum, fortel Eriksen.

Ho er no kåra av NRK 1 til Noregs ultimate underhaldar. Ho veit det er det største ho har opplevd i sin karriere, men det er framleis tideleg å seie nøyaktig kva sigeren i det direktesendte programmet, Stjernekamp, vil seie for framtida.

- Det er allereie stor pågang frå folk som vil gå på konsertane mine. Det er klart dette er ein utruleg fordel for meg som artist.

Les og: Høgdepunktet i karrieren min

Mange kommentarar

Folk deler meir enn gjerne si glede over at Eriksen gjekk sigrande ut av finalen. Artisten fortel om utruleg mange meldingar til si artistside på Facebook, og prøver å svare alle som skriv litt lengre meldingar.

«Heia Rita, hu har vært best hver gang, synes nå jeg, og hun har bestått alle prøver i serien!!» skreiv Cathrine Olsen på Solabladets Facebookside før finalen.

«Fantastisk! Velfortjent seier! Kjempestolt av å være Solabu i kveld!» melde Wenche Hansen etter finalen.

- Eg vil berre seie tusen takk for stemmene til solabuen. Eg trur det var dei som avgjorde finalen, seier Eriksen.

Les og om då Eriksen vann semifinalen: Rita er vidare

Planar, plate og press

No er det på tide å sette fart på ny cd-plate og førebuing til julekonsert.

- Vert det eit anna uttrykk på plata enn planlagt?

- Eg veit ikkje heil. Må lande litt først. Alt du gjer påverkar deg jo. Eg er framleis i gledesrus, fortel Eriksen.

Ho utelukkar ikkje at publikum kanskje får sjå ei litt meir rocka Rita i framtida.

Trass i at oppdraga står i kø er det viktig for henne å ta vare på seg sjølv.

- Eg må gjere ting som kjennast godt for meg, ikkje ta på meg alt for mykje og stresse meg opp.

Det er taktikken, og så er tida komen for å bake litt brød i heimen og kanskje rydde litt etterkvart.



Kommentarer



Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Strandbuen

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips. tips@solabladet.no eller tipstelefon 906 14 444.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner solabladet.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjermer.

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på Solabladet.no?

Solabladet.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du enkelt kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering. Les debattreglene våre.