Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

– Ikkje ta mobilen med på do

– Ikkje ta mobilen med på do

Linn Iren Nilsen Oppedal FOTO: Trine Barka Højmark

Det kan verta nettroll av sånt.

Tekst:

Publisert:

SMÅTANKER: Sundag morgon såg eg lyset. Det var særs stille i huset då eg vakna. Ungane var plasserte hjå besteforeldra og mannen sov framleis då eg tusla inn på badet og sette meg på potta. Fyrst blei eg slått av panikk.

Eg hadde gløymt mobilen på soverommet, men det var for seint å gjera noko med det. Heller ikkje ei einaste avis eller vekeblad var å oppdriva mellom haugen av handklede og sure sokkar. Kva i all verda skulle eg ta meg til nå?

Men etter ti sekund med oppskaking senka roen seg. Det var berre lyden av baderomsvifta og meg, i skjønn foreining. Det gjekk opp for meg at eg hadde gløymt kor utruleg herleg livet kan vera på do.

Det hadde sikkert noko med at denne morgonen var det ingen som risla i dørhandtaket, spurde kva eg gjorde og kor lang tid det kom til å ta. Det var heller ingen som sende meg «brev» gjennom sprekka og lurde på om eg klarte sjå kor mange fingrar ho heldt under døra, mens eg skrolde panisk på skjermen og slengde ut «likes».

Medan eg sat der i fred, for ei gongs skyld, farleg nær å oppnå nirvana, gjorde eg det eg trur det er meininga ein skal gjere på do; eg undra meg over livets store og små mysterium.

Eg funderte på kvifor eg i alle dagar hadde byrja å ta mobilen med på badet i utgangspunktet. Å ringa nokon medan eg gjer mitt fornødne er jo heilt uaktuelt, og det enorme dilemmaet som oppstår, dersom andre skulle finne på å ringa meg akkurat då, er noko eg helst vil sleppa.

Å skriva tekstmeldingar frå potta vil eg òg karakterisera som heilt på kanten. Det skal ikkje meir enn nokre feilaktige tastetrykk til før ein sender av garde både lyd og video av seg sjølv på sitt mest sårbare. Så lenge ein har buksa under kneet burde ein eigentleg ikkje ytra seg om noko som helst, etter mi meining. Derfor er det aller tryggast å la mobilen ligga igjen utanfor dodøra.

Ein kan jo vera naiv og tru at smarttelefonen berre vil vere ein reiskap for å lesa seg opp på kommunereforma, medan ein set seg til rette mellom badet sine fire veggar. Men lenge før du i det heile tatt kan byrja å tenka på tørkeprosessen, har du ganske sikkert «tagga» fire venar i ein festleg meme, delt ein kattevideo og kasta deg inn debatten om norske julesongars plass i den offentlege skulen.

Og er det noko ein verkeleg bør styra unna med rumpa parkert på ringen, så er det nettopp kommentarfelt på sosiale medium. Etterdønningar av ei indisk måltid, eller ei real forstopping, kan gjera nettroll av kven som helst.

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!